Bakgrunn

Statens vegvesen varsla oppstart med reguleringsplan vinteren 2011 etter alt. 2 i tidlegare vedtatt kommunedelplan. I høyringsperioden av planprogrammet mottok vegvesenet varsel om innsigelse til reguleringsplan frå Fylkesmannen i Troms og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Med alle konfliktar lagt til grunn, valgte vegvesenet å stoppa vidare arbeid med reguleringsplan. Etter dette har det vore nært samarbeid med Balsfjord kommune for å få saka løyst. Eit av forslaga som kom var heving av alt. 3 i området Bjørnbåsen til Trangen, ein strekning på ca. 2,5 km som vegvesenet har sett det formålstenleg å gjennomføre kartleggingar på.  Det vil fortløpande bli utarbeidd reguleringsplan når ny vedtatt kommunedelplan føreligg. 

For strekninga Nordkjosbotn til Jernberg (1800 m i retning Tromsø) vil kommunedelplanen ikkje endrast. 

Planprogram

Endring av kommunedelplan for ny E6 mellom Nordkjosbotn og Storfjord grense bygger på tidlegare vedtatt kommunedelplan i Balsfjord kommune.

For planprogrammet vil formålet vere å:

·         avklara kva slag trasèalternativ planen inneheld

·         avklara formålet med planarbeidet

·         gjere greie for kva type høve som er avklart i tidlegare forslag til kommunedelplan og kva slags nye utreiingar som skal ligga til grunn i planforslaget

·         beskriva opplegg for informasjon og medverknad

·         presentera kart som syner plan- eller tiltaksområdet og lokaliseringa av tiltaket

·         senda forslaget ut på høyring til berørde myndigheiter og interesseorganisasjonar og vidare til offentleg ettersyn med høyringsfrist på seks veker

Planprogrammet er lagt ut på vegvesen.no og balsfjord.kommune.no.

Kva er ein kommunedelplan

Ein kommunedelplan er ein oversiktsplan som består av ein tekstdel og en kartdel. Ein kommunedelplan vil også omfatte ein konsekvensutreiing, ofte forkorta med KU. Forut for konsekvensutreiinga skal det utarbeidast eit planprogram som skal leggast ut til offentleg ettersyn.

Innhald i kommunedelplanen

Kommunedelplanen inneheld ein skriftleg framstilling med beskrivelse av alternative tiltak, problem, kostnader og øvrige konsekvensar. Konsekvensane er inndelt i prissatte og ikkje- prissatte konsekvensar som begge inngår i konsekvensutreiinga. Plandelen og konsekvensutreiinga vert framstilt i eit samla hefte. Forslag til kommunedelplan med konsekvensutreiing blir lagt ut til offentleg ettersyn slik at berørte partar og interesserte kan kome med merknader. Planen blir også sendt til statlege og fylkeskommunale instansar (sektormyndigheiter) til uttalelse. Vedtatt kommunedelplan skal innarbeidast i kommuneplanen sin arealdel. Når planen er endelig godkjent, vil den vere eit juridisk og praktisk grunnlag for å utarbeide reguleringsplan(ar).

Behandling av kommunedelplan

Statens vegvesen utarbeider planforslaget i tråd med bestemmelsane i plan- og bygningslova §3-7. Dette gjev vegvesenet moglegheit til å gjennomføre alle ledd i planarbeidet fram til sluttbehandling i kommunestyret.

Ved oppstart av planarbeidet skal det varslast ved offentleg kunngjering. Dette skal sikre at grunneiere, og andre berørte får høve til å delta i planprosessen. Det utarbeides eit planforslag som vert lagt ut til offentleg ettersyn. Etter at fristen for merknader er ute blir det gjennomført merknadsbehandling og eventuelle endringar av planen blir føretatt. Deretter sender ein planen til kommunen for sluttbehandling. Det er kommunestyret som har myndigheit til å vedta planen.

Nokre av sektormyndigheitene har innsigelsesrett mot planen. Dersom eventuelle innsigelsar ikkje blir tatt til følgje, kan kommunen be om mekling hjå fylkesmannen. Viss mekling ikkje fører fram skal planen sendast til Miljøverndepartementet for vurdering av innsigelse og endeleg godkjenning.

Kommunen kunngjer planvedtaket. Kommunestyrets vedtak kan ikkje påklagast, jfr. §11-15.

Grensesnitt andre planar

Statens vegvesen utarbeider samtidig reguleringsplan for E8 Nordkjosbotn til Jernberg (1800 m i retning Tromsø) og reguleringsplan for E6 Balsfjord grense til Hatteng.

Framdrift

Planproduksjonen vil føregå frå april til oktober 2012. Høyring og merknadsbehandling av kommunedelplanen vil skje i november/desember 2012 med godkjenning på nyåret 2013. Arbeidet med reguleringsplan vil skje fortløpande etter dette.

Offentleg informasjon og medverknad

Høyringsperioden for planprogrammet er seks veker. Arbeidet med informasjonsmøte og behandling av merknader og høyringsuttalelsar vil skje av Statens vegvesen i nært samarbeid med Balsfjord kommune. Det vil i løpet av høyringsperioden av planprogrammet bli gjennomført opent møte. Opent møte vil bygga på tidlegare møter som vart gjennomført den 30. mars og 22. november 2011. Forslag til kommunedelplan blir lagt ut til offentleg høyring i seks veker.

Kart 1: Vegalternativ – tidlegare kommunedelplan

 bilde.png

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Innspel eller spørsmål vert retta til:

Kjell Grønsberg

Tlf. 77 61 73 56

E-post: kjell.gronsberg@vegvesen.no

Eventuelle merknader sender dykk til Statens vegvesen

Region Nord, Postboks 1403, 8002 BODØ

 Vedlegg: Planprogram  kdp E6 Nordkjosbotn-Storfjord grense.pdf